Gåte

Inga litimor

Gåte
Inga Litimor på handkvern i kongsgarden mol
og kvad dei små visone av ljos og liv og sol

-aldri nokon kunne kvea som ho Litimor den unge og den vene

Då gjekk det bod at Inga må trø for kongjens stol
og kveda alt som lyser av liv og ljos og sol.

Ho kom seg til kongshall i skor frå finnegarn
med hjartebank i bringa det bar for kongjen fram.

"Fribore namn og æra deg kongjen gjeva vil
no, Inga, kan du syngje som best det høver til."

"Takk, stor er kongjens æra, song fugelen på kvist
men betre være elska, veit mannebarnet visst."

"So høyr eit ord, mitt siste: Eg byd deg brudelin.
Det er den unge kongjen som sjølv må verta din."

"Men då må kongjen veta han ikkje skjemmast tarv
for eg er kongjedotter, og han sit i min arv."

Og der vart vigsle-veitsla, og songen auka på,
og hev'kje nyst dei slutta, så varer det endå.

Encontrou algum erro na letra? Por favor envie uma correção clicando aqui!